Utlønning og A-ordning

Det er viktig å sende inn timar på avløysar etter kvart som vedkommande har vore i arbeid. Dette er for at det skal verte korrekt meldt inn til dei rette instansar til ei kvar tid.
I A-meldinga vert det rapportert inn informasjon om arbeidsforhold, løn og ytelsar, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift.

Argumentet for A-ordninga er blant anna å redusere arbeidsgjevars belastning i samband med denne rapporteringa, og å auke effektiviteten og forbetre oppgåveløysing i etatane. I tillegg er det tenkt at ordninga skal leggje grunnlag for betre tjenester frå det offentlege ovanfor arbeidstakar og arbeidsgjevar.
NAV vil lettare kunne gje korrekte ytelsar , skatteetaten vil lettare berekna korrekt skatt, og statistisk sentralbyrå vil kunne gje eit betre bilete av løn – og arbeidsforhold i landet.

Det er og viktig å poengtera at ved å melde inn når arbeidet er gjort så er den tilsette registrert i folketrygda i tilfelle sjukdom/skadar med meir.

Skjemaer som vert erstatta av A-meldinga er :
1. Lønns- og trekkoppgave
2. Årsoppgave for arbeidsgiveravgift/følgeskriv til lønns- og trekkoppgaver
3. Terminoppgave for arbeidsgiveravgift og forskuddstrekk
4. Oppgave til lønnsstatistikk
5. Melding til Aa-registeret

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *